Vegen til nytt hus:

Her er nokon av milepælane vi skal innom undervegs

Førstegangsmøte
Vi fortel om oss sjølv og kva vi kan tilby, og du fortel om deg og dine bustadplaner.

Tilbod
Vi gir deg eit grundig og omfattande tilbod. Her får du vite kva som inngår i prisen.

Oppfølging
Nokon gangar er det behov for justering av tilbod og teikningar. Vi går så vidare med ein byggeavtale.

Kontraktsmøtet
I kontrakta forpliktar vi oss til ein pris og leveringstid. Du forpliktar deg til ein betalingsplan og tidsfristar for eventuelt arbeid du skal utføre sjølv.

Trekantmøte
Siste stoppestad før vi bestille materialer. Vi går gjennom bygget i detalj for å sikre at det vi bestiller stemmer med dine ønske.

Byggestart
Vi gir deg oversikt over framdrifta, med tidsfristar osv. Her er også din eventuelle eigeninnsats tidsfesta.

Kvalitetsmøte
No er det like før bygget lukkast innvendig. Du, prosjektleiar og tømrarar går gjennom arbeidet som er gjort så langt.

Overtakelsesmøte
Huset er ferdig! Nok ein gang går vi systematisk igjennom arbeidet. Du får no nøkkelen til ditt nye hus.

Ettårsbefaring
Eit årstid etter innflytting kjem vi på besøk og sjekkar at alt er i orden. Er det noko som bør rettast på?

Det er mange stasjonar og stoppestadar, men det er vår jobb å passa på at ferda går trygt.