Om oss

Per Endre Bolseth
Dagleg leiar
92 89 69 85
peb@admit.no

 

Caroline Egset
Bustadkonsulent
96 90 50 90
caroline@enerbygg.no

 

Erling Øren
Teknisk leiar
99 29 35 98
erling@enerbygg.no

Enerbygg Bolig AS har kontor i Ørsta og er medlem og medeigar i Nordbohuskjeden. Med daglig leiar Per Endre Bolseth i spissen har vi tilsette med lang fartstid både i boligbransjen og Nordbohussystemet.

Gjennom vår tilknytning til Nordbohus kan vi tilby eit breitt spekter av boligar og ein kvalitetssikra prosess. Enerbygg Bolig byggjer boligar fortrinnsvis i kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sande v/Selje og Herøy på Møre.

Vi byggjer både hus frå Nordbohuskatalogen og arkitektteikna hus. Mange finn drøymehuset sitt i Nordbohusktalogen, gjerne med tilpassingar etter smak og behov. Men stadig fleire ønske seg ein bustad bygd heilt og fullt etter eigne idear og visjonar. Vi bygg derfor spesialdesigna hus med utgangspunkt i kunden sine ønsker. Sjå her for meir informasjon:  http://www.nordbohus.no/arkitekttegnet-bolig

Om Nordbohuskjeden

Nordbohus blei starta som andelslag i 1985. Verdiane frå den gongen er framleis fundamentet i kjeden. Det er Nordbohuskontora som eig kjeden, som består av nærare 65 kontor fordelt over heile landet.

I Nordbohuskjeden har vi eit kjedekontor lokalisert i Trondheim. Her jobbar ei rekkje engasjerte medarbeidarar med arkitektur, produktutvikling, ingeniørarbeid, IT, marknadsføring og innkjøp av byggevarer. For Nordbohus-kontora er kjedekontoret en viktig ressurs i kvardagen. Hvis noko skal endrast på ditt hus før det vert bygd, er det gjerne kjedekontoret sine arkitektar og ingeniører som utfører desse endringane. For deg som kunde betyr det at ditt lokale Nordbohuskontor har tilgong på viktig kompetanse for deg og din nye heim.

Nordbohus - bygd for å vare

Les om fordelane ved å byggje eit Nordbohus