Kvifor velje elementhus?

  • Vi vågar å påstå at det ikkje er mulig å bygge råbygg på ein byggeplass med samme kvalitet som ein oppnår i ein fabrikk.
  • Ein sparar tid fordi det går fortare i fabrikken, men også fordi ein kan starte tidlegare. Ein kan planlegge framdrifta slik at elementa er klare til å heisast på plass så snart fundamentet er ferdig, og eit klimatett råbygg er på plass etter eit par tre dager.
  • Tørt råbygg, kortare tørketid.
  • Elementa blir produsert i fikstur med strenge toleransekrav, ved montering vil elementa virke som ein rettholt slik at ujevnhetar og skjevhetar i fundament kommer for en dag og kan justerast. Heile bygget blir rettare og det blir færre tilpasningar seinare.
  • Repeterbarheit
  • Passar til alle bygningstypar kor ein har valgt treverk som materiale i heile eller delar av bygninga. Bolig, industribygg, offentlig bygg osv
  • Det blir mindre svinn og mindre avfall på byggeplass. Kapp og restar av isolasjon tek vi oss av.
  • Ein unngår at materialer blir øydelagt på grunn av vær og vind.
  • Reduserte tømrartimar på byggeplass, mindre køyring.
  • Garantert pris.